Svarttrasten om vinteren
Vaksen svarttrasthann i svart med knallgult nebb.
Foto: Sveinung Lindaas
Seinhaustes og tidleg vinter – svarttrastsongen er borte frå Noreg ei stund. Ein del individ har reist sørover, eit fleirtal til Dei britiske øyane og resten mot Danmark, Nederland, Tyskland eller Frankrike. Dei som ikkje har drege, er her og overvintrar i Noreg, så langt nord som i Troms. Då syng dei som oftast ikkje.
Men i år opplevde eg ein uventa svarttrastsolo i Botanisk hage i Oslo 29. desember. Fuglen song for full hals under perlemorskyer, rett før dei skulle verte viska bort av natta. Tru om det milde vêret i førjulstida og romjula, eller dei kunstige lysa i byen, hadde vekt songen ut av vinterdvalen? Tidleg marsmånad plar vere tidspunktet for dei fyrste heilhjarta songane hos denne arten.
Sjølv når songen er borte, inneheld vinterrepertoaret mange lydar. Desse er til stades om sommaren òg, men dei fleste druknar i alt det lydlege som går føre seg då. Sjølv når han er utan song, misser ikkje svarttrasten den kraftfulle stemma si: Han er framleis i stand til å ytre det eksplosive alarmropet, som kan bryte vinterstilla som ein hysterisk latter medan fuglen lettar og flyg vekk frå det han oppfattar som ein fare.
Slik som fluktlina går lyden oppover, crescendo, og varslar andre om ein mogleg trugsel. Så finst det mange andre lydar. Den mest lågmælte er skikkeleg låg, og så ulik songen som det går an å førestille seg: ei syltynn plystring, som eit menneskeøyre best kan fange om vinteren, når alt er så mykje stillare. Lyden vert ofte ytra i flukt eller før fuglen lettar.
Svarttrasten har i uminnelege tider bergteke menneske med songen sin. I eit par hundreår har han oppsøkt byparkar, bakgardar og hagar. Han svarar til og med på forsøk på å kome i kontakt, utan å vere så kresen alltid: Eg opplevde det ein dag i heimbyen Blois, då ein fugl song frå djupet av ein busk. Eg tok til å plystre dei same strofene som han på mitt noko sjaglande vis, fekk svar, og vi heldt på i fleire minuttar.
Med slikt tett samliv har vi nokre dyktige svarttrastomsetjarar blant oss. På nettsida til The Sussex Wildlife Trust presenterer forfattaren av den flotte artikkelen om svarttrasten, James Duncan, seks ulike lydar med tyding, til dømes: Kjem det ein rovfugl frå himmelen? Skal ein opprette kontakt med ein annan svarttrast i flukt? Han presiserer at på grunn av kompleksiteten i lydsystemet er ikkje desse eksempela uttømmande, og viser til eit utval av det ein kan høyre. Det er også ganske sikkert at vi ikkje er ferdige med å tolke dette repertoaret, og at fråsegna gjeld fugleartar flest. Her gjev det meining å tale om språk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.