Mat
Svinaktig godt
Langkokt svineknoke med svartaugebønner, stongselleri og tørka steinsopp. Foto: Dagfinn Nordbø
Foto: Dagfinn Nordbø
Det er noko med spekt eller røykt kjøt. Opphavleg brukte ein desse teknikkane for å sikre matlageret i tida før kjøleskapet kom inn i kvarmannskjøkenet, men folk har likevel halde fram med å elske smaken av det røykte kjøtet.
Tenk berre på kva vi set til livs her i landet av smalahove, spekeskinker, spekt lammelår, pinnekjøt, svinekotelettar og bacon. Røykt svinekjøt kan nytast som det er, men er òg ein utruleg god smaksetjar i ei rad rettar.
I Italia lagar ein tradisjonelt bolognese med noko røykt svinekjøt i tillegg til tomatane og storfekjøtet, og røyken gir smaken vedunderleg djupn. Og så har vi dei lubne, røykte svineknokane, som til vanleg har vore særs rimeleg mat og den perfekte basen for ei herleg ertesuppe, blant mykje anna.
I sørstatane i USA er svineknoke kokt med bønner, laukpulver og rikelege mengder tabasko ein del av det kulinariske skattekartet, gjerne servert med nybakte maisbrød. Eg kjenner ein restauratør i Oslo som kvar einaste dag heile veka kokte ei diger gryte ertesuppe på svineknoke. Den suppa blei alltid grundig utseld og bidrog dermed til restaurantens botnlinje på beste vis, i tillegg til mette og nøgde gjester som gjerne kom att.
No er knokane ikkje fullt så rimelege lenger, men eg fekk tak i ein til dryge hundrelappen som eg denne gongen gav ei litt annleis og sørstatleg handsaming. Du kan lage retten i ei gryte som langkokar på komfyren eller i steikjeomnen, eller gjere som eg, bruke ein god gamaldags saktekokar.
Fordelen med saktekokaren er at du slepp å bøye deg ned og inn i steikjeomnen, noko som er bra for oss med kranglete rygg. Gryta står berre på benken og putrar så triveleg, dufta breier seg i rommet, og du kan lettvint smake til og sjekke prosessen så mange gonger du vil undervegs.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.