Frå bridgeverda

Tåkeheimen

Framleis finst det bridgespelarar som er kjende for å spela lynande fort, utelukkande for å rekke så lange røykjepausar som mogleg.
  

Røykjekulturen ved og kring bridgebordet er diverre i fritt fall.
Publisert Sist oppdatert

Røyking er ikkje lenger på moten. Helsemessig er dette av det gode, men kulturelt er det eit tap, ikkje minst for bridgen. Ein gong i tida vart det røykt i stor stil ved bridgebordet. Det osa eleganse av bridgen den gongen. Sidan kom ulike reguleringar. Til dømes las eg om ei tevling ein gong på 80-talet der to tredjedelar av rundane var røykjerundar. Det vil altså seia at det i denne tevlinga – som kan ha vara frå ti om morgonen til sju om kvelden – vart røykt i seks av ni timar. I dei resterande tre var lufta i lokalet naturlegvis særs frisk.

Personleg har eg aldri røykt, men eg røykjer gjerne ein tjue, tretti passive for dagen. I Bridgehuset i Trondheim, der eg voks opp, fanst det inntil nyleg eit røykjerom. Ein seig og viktig institusjon, det.

Kor mange gode post mortem-analysar av bridgen vart ikkje utklekte der inne! Fleire gode spelarar formeleg budde der. Lykka var å bli blindemann i det siste spelet i runden – då kunne ein overlata til makkeren, speleføraren, å strekkje seg over bordet for å leggje kort frå den synlege handa, og sjølv springe i veg for å lære av ekspertane på røykjerommet.

Framleis finst det bridgespelarar som er kjende for å spela lynande fort, utelukkande for å rekke så lange røykjepausar som mogleg. No altså utandørs.

På eit bridgerøykjerom eg vitja i Nord-Finland, hang eit utstoppa elghovud på veggen. Her hadde ein av spelarane vore åndsnærverande nok til å stikke ein sigarett inn i det svære gapet på dyret. Den hang og dingla der gjennom heile tevlinga. I sanning eit inspirerande syn.

Mitt kjære Trondheim kan skryte av å ha hatt den truleg siste bridgeklubben i Noreg som tillét røyking ved bordet. Han hadde tilhaldsstad i kjellaren på utestaden Café 3B, og bar det høvelege namnet Tåkeheimen. Då røykjelova til slutt innhenta jamvel dei fleksible bartenderane på 3B og dei motvillig forbaud røyking ved borda, vart klubben snart nedlagd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement