Frå historia
To prestar
Michael Sars (1805–1869) (t.v.) og Olaf Olafsen (1843–1932) var begge sokneprestar med interesse for naturen.
Foto via Lokalhistoriewiki.no og Hardanger og Voss Museum / Digitalt Museum
Presten var sentral i det gamle samfunnet. Han stelte med saker som var viktige: fødsel og dåp, død og gravferd, vegen til evig sæle og evig liv.
Men han var også ein av dei få som hadde noko slag utdanning og hadde kunnskap om ting som hende langt borte. Prestane hadde studert, først i København og etter kvart i Kristiania.
Slik hadde dei lært å samle kunnskap og skrive han ned. Mykje av det vi kjenner til om tilstanden i landet vårt i farne tider, er nedteikningar prestar har lagt etter seg.
Mange av dei hadde særinteresser som dei utvikla ved sida av dei åndelege syslene som følgde embetet. Michael Sars var sokneprest i Manger i Nordhordland. Der vandra han mykje i strandkanten og studerte livet og småkrypa som levde der.
John Petter Collett skriv om han i verket om historia til Universitetet i Oslo. Som student ville han bli naturvitskapsmann, men han vart teolog for å ha noko å leve av.
Sars publiserte artiklar om funna sine i europeiske tidsskrift og vart internasjonalt kjend som marinbiolog.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.