Tord Foleson – ein lagnad

Per Sivle (1857–1904) skreiv dikt om Tord Foleson, som bar merkestonga for kongen i slaget på Stiklestad.
Per Sivle (1857–1904) skreiv dikt om Tord Foleson, som bar merkestonga for kongen i slaget på Stiklestad.Per Sivle (1857–1904) skreiv dikt om Tord Foleson, som bar merkestonga for kongen i slaget på Stiklestad.
Publisert

Tord Foleson er ein av dei mange heltane i Snorres Heimskringla. Han var med i slaget på Stiklestad, der han bar merkestonga for kongen og hans hær. Under striden bed kong Olav Tord bere merket framover. Så blir gjort.

Og Snorre fortel: «I same stunda støytte Tord ned merkestonga så hardt at ho vart ståande; da hadde Tord fått banesår og fall der under merket.»

I Stortingets maktkamp med den svenske unionskongen vart heltane frå Heimskringla, kongane og dei andre, henta fram for å styrke den norske sjølvkjensla ved å vise til vår ærefulle historie.

Det er ein vanleg framgangsmåte for nasjonar som strevar med grannane sine. Og slik kom krist­nings­­kongane, Einar Tambarskjelve, Arnljot Gjelline og alle dei andre til å vandre rundt på teaterscenane, i skolebøkene og i songbøkene.

Ein av desse heltane var Tord Foleson.

I 1901 gjekk unionsstriden inn i det som viste seg å bli den dramatiske avslutninga. Men framleis var bernadotten Oscar II konge i Noreg. Då gav Per Sivle ut sitt malmfulle dikt om merkesmannen frå Stiklestad, Tord Foleson, som fall under kongsmerket. Diktet gjekk inn i ein dramatisk politisk situasjon, og fire år etter var kongen avsett og unionen pakka bort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement