Teknologi
Transformator
Ørtern trafo ved Haugastøl, som omset spenningar frå 66 kV til 22 kV.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg er heldig. Dei har sett opp ein ny transformator rett ved hytta. Me brukar no så mykje straum at me treng ein ny transformator her på Haugastøl.
Vel, han er ikkje heilt ny. På eit av dei meir eller mindre leselege skilta ser eg at han har hatt eit tidlegare liv som starta i Ål i 1984. Resirkulering er jo tidsmelodien, og dei elektromagnetiske prinsippa han byggjer på, er jo like gamle som universet.
Sidan transformatoren enno ikkje er i drift, er han ikkje bura inn med gjerde og piggtråd. Det passer ein forviten bra. Eg går bort og tek på behaldaren i midten. Inne i den badar transformatoren i olje. Vel, det er tre transformatorar. Ein for kvar fase. Olja trengst for å kjøla ned transformatoren.
Ein perfekt transformator gjev ikkje frå seg varme, for energien som kjem inn, skal vera lik energien som kjem ut. I røynda får me tap i jarnkjernen som tett knyter inngangs- og utgangspolane som er tvinna rundt han. For å minska tapet lagar ein kjernen av lamellar som er pressa saman. Det hindrar såkalla kvervelstraumar i jarnet som gjev tap. Dersom du går nær ein transformator, høyrer du ei svak summing som kjem av desse kvervelstraumane.
Når det kjem vekselstraum på inngangen, primærspolen, vert det generert eit varierande magnetisk felt i jarnkjernen som prøver å hindra endringa i straum og spenning. Den andre spolen, sekundærspolen, merkar denne endringa, og det vert danna ei spenning og straum. På denne måten vert energi overført frå primær- til sekundærside. Straumen som vert generert på sekundærsida, prøver å gjera endringa i magnetfelt minst mogleg. Det har primærsida nytte av, for då kan det sendast meir energi inn i primærspolen.
Dersom dette var mykje å ta innover seg, kan du forenkla sjå på ein transformator som noko som hevar spenninga og minkar straumen på sekundærsida dersom ho har fleire viklingar enn primærsida. Eit skilt på sida fortel meg at transformatoren er levert av National Industri og omset spenningar frå 66 kV til 22 kV.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.