Frå historia

Tulipanar i Amsterdam

Ei satireteikning over tulipanmanien av Jan Brueghel d.y. (ca. 1640).
Ei satireteikning over tulipanmanien av Jan Brueghel d.y. (ca. 1640).
Publisert

Verdsøkonomien er inne i halen av ei internasjonal finanskrise. Den store amerikanske banken Lehman Brothers, med forgreiningar i mange land, gjekk konkurs og skapte dermed problem som spreidde seg verda over. Bankar kom i vanskar, både her og der, og regjeringar måtte inn med skattepengar for å berge bankvesenet.

Dette krakket innleidde den lengste nedgangsperioden i vestleg økonomi sidan mellomkrigstida, og det vil nok få ein trygg plass i økonomihistoria, saman med alle dei andre krakka vi har sett dei siste hundreåra.

Det kan sjå ut til at slike krakk høyrer til tida etter at bankvesenet var etablert og hadde vakse seg inn i heile økonomien. Når ein bank vakla og fall, drog han gjerne fleire med seg. Bankane gjorde handel lettare og enklare, men næringsdrift vart meir risikabelt. Bankane kunne spreie økonomisk uhelse. Lokal sjukdom kunne bli til farang.

Den første hendinga av dette slaget i europeisk økonomi, kalla eit krakk, handla om tulipanar.

Tulipanen kom til Europa frå Det osmanske riket midt på 1500-talet. I 1593 fekk ein flamsk botanikar sendt tulipanar frå keisarens ambassadør til sultanen. Han skapte sin eigen hage, og det heile var i gang.

Tulipandyrkinga vart snart svært avansert, med utrulege fargevariantar. Her hadde dei hjelp av eit påført virus, TBV (tulip breaking virus), som styrte fargeutviklinga i mange retningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement