Frå historia
Ufred i Guds hus
Patriark Kirill av Moskva under den ortodokse julegudstenesta 6. januar i år.
Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB
«Fred på jorda», song englane på Betlehems-
markene. Freden lét vente på seg. Den rørsla, kalla kyrkja, som den nyfødde kom til å skape, vart full av strid, alt i aposteltida.
Det vart strid om Jesu guddom og menneskevesen, om bruk av bilete i gudsdyrkinga, om kristen lære og mykje meir. Mange av stridane vart blodige, med den politiske makta som aktør.
Då det første tusenåret etter Jesu fødsel var over, kom det store skismaet. Kyrkja vart kløyvd. Kyrkja i aust nekta å bøye seg for paven i Roma, og i 1054 vart den gresk-ortodokse kyrkja i aust ei sjølvstendig kyrkje. Det var ikkje lenger berre ei kyrkje.
Men det var ikkje over med det. I vestkyrkja gjorde Luther opprør mot paven og gjorde individet sjølvstendig i forhold til Gud. Og vestkyrkja vart delt i protestantar og katolikkar.
Dette utløyste mykje strid. Religionskrigane er av dei styggaste kapitla i europeisk historie, i Spania, i Frankrike, i England og Tyskland.
Ved freden i Westfalen etter trettiårskrigen vart dei europeiske statane samde om at statane ikkje skulle bry seg med kva folk i andre land trudde. Freden la seg ikkje over Europa, men dei blodige religionskrigane dabba av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.