Ugraset
For oss som har vakse opp på norske gardar, er ugraset ein uomgjengeleg del av barndommen, skriv Andreas Skartveit.
Foto: Anno Musea i Nord-Østerdalen / Digitalt museum.
Ukrut forgår ikkje så lett, seier vi om dei som er strie og toler mykje utan å bukke under, anten det er menneske, dyr eller vokstrar.
Då snakkar vi dansk, utan å vite det. Ukrudt er det danske ordet for ugras.
For oss som har vakse opp på norske gardar, er ugraset ein uomgjengeleg del av barndommen. Ugraset var den uslitelege fienden, frå vår til haust. Det tok lyset, vatnet, næringa og voksterplassen frå matplantane våre, som rotfrukter, kål og poteter.
Rotfruktene vart sådde så tidleg det var forsvarleg. For tidleg såing kunne medføre mykje frøstokk i kålrotåkeren.
Når frøa vel hadde spirt, måtte vi krype langs dei spirte frøa og tynne ut. Alt som hadde spirt, kunne ikkje vere med vidare. Då vart det for trongt for alle.
Og så starta sommarens krig mot ugraset, som melde seg straks sola byrja å varme. Ein del ugras, som vassarve, var greie å ha med å gjere. Når vi hadde rive dei opp med rot, la dei seg ned på bakken for å døy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.