Frå historia

Ukraina og matfatet vårt

Ivan Bonderenko og barneborna Marat og Renat skubbar ein høyballe av vegen i lands-byen Yakovlivka utanfor Kharkiv, der russiske luftåtak held fram.
Ivan Bonderenko og barneborna Marat og Renat skubbar ein høyballe av vegen i lands-byen Yakovlivka utanfor Kharkiv, der russiske luftåtak held fram.
Publisert

Den russiske invasjonen i Ukraina har endra mykje i Europa på kort tid. Det utarbeidde og etablerte tryggingssystemet, bygt opp gjennom mange tiår, vaklar. Europa er blitt farlegare.

Endringane slår ut på mange område. Gass er viktig på den europeiske energimarknaden. Når gasstilførsla blir usikker, blir energi dyrare. Hos oss stig straumprisane.

Energien er drivkrafta i moderne samfunn. Uro i energimarknaden slår mellom anna ut på matprisane. Verre enn det: Media skriv om ein komande kornmangel. Det blir diskutert om vi av omsyn til mattryggleiken må opne dei stengde kornsiloane våre, som no er blitt til så mykje anna, som studentheimar og kunstgalleri. Eit alvor bankar på døra.

Moderne jordbruk er avhengig av kunstgjødsel, om det skal produserast mat nok til ei veksande folkemengd.

Dagens kunstgjødselindustri kviler på fossile energikjelder som olje og gass. Og no har storpolitikken gjort gasstilførsla usikker. Dermed har prisane for kunstgjødsel skote oppover, til liks med energiprisane.

Norske bønder melder at dei ikkje vågar å så kornåkrane fordi dei komande kunstgjødselprisane gjer det uråd å få lønsemd i korndyrkinga. Staten rykker straks ut og lovar støtte for å få korndyrkinga i gang.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement