Sjakk

Ukrainske geni

Lina Kostenko, fødd i 1930, er utan tvil den fremste poeten i Ukraina.

Lina Kostenko (94) bur framleis i Kyiv. Foto frå 2006.
Lina Kostenko (94) bur framleis i Kyiv. Foto frå 2006.
Publisert

Er det noko linakostenkosk over Vasyl Ivantsjuk? Eg skvatt til over dette abrakadabra-adjektivet, kva er dette for noko tull? Ho vart fødd 18. mars, han 19. mars, fekk eg vita vidare. Dette utrulege astrologiske faktum imponerte meg ikkje. Men forfattaren gav seg ikkje, og til slutt vart eg overtydd. To ukrainske geni, dei største i vår tid.

Lina Kostenko, fødd i 1930, er utan tvil den fremste poeten i Ukraina. Då eg byrja læra meg ukrainsk, skjøna eg snøgt kor viktig ho er for alle ukrainarar. Poesi er vanskeleg for utlendingar, men det hjelper at dikta ofte er stutte.

Om eg skal lesa ei heil bok på ukrainsk, må det nesten vera ei sjakkbok. Eg les no «Dei to verdene til Vasyl Ivantsjuk» av Miron Kozak (2019). Dei fleste vil vera samde i at dei tre store nolevande sjakkgenia er Carlsen, Kasparov og Ivantsjuk. Kozak freistar skjøna kva som gjer særlingen frå Lviv så genial. Argumenta vert jamt krydra med sitat frå poeten, som ein trygt kan kalla genial.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement