JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Valdeleg stokkanderotikk

Fyrst på 2000-talet stilte ein forskar spørsmålet: Korleis er det for hoa når hannen har ein slik lem?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Førebur denne stokkanda seg på hekkesesongen som er like om hjørnet? Penisen til stokkanda endrar storleik i løpet av året. Når dagane blir lengre og lysare, syter sexhormon for at han aukar i storleik. Om hausten krympar han betydeleg. Sjå også vengjespegelen som denne hannen avdekkjer.

Begge foto: Naïd Mubalegh

5399
20240308
5399
20240308

Det er seint i februar. Vatnet har byrja å renne att, hålka svinn sakte. Stokkendene har vore her heile vinteren – hannar med glinsande, mørkegrønt hovud og hals, hoer i gråbrun, spraglete fjørdrakt. Ein gong i året skiftar dei alle fjørene på ein gong. I «eklipsedrakta» blir hannane lik hoene. Omfattande myting, eller fjørskift, gjer flukt og flyging vanskeleg. Det er fint å ikkje vere for synleg då. Men no ser begge kjønna igjen tydeleg ulike ut.

Trass i at dei det meste av året er så forskjellige at Carl von Linné tolka dei som to artar, har begge kjønn noko felles: ein spegel. Det heiter den vesle fargeflekken grasender ber på vengja, uavhengig av kjønn. Grasender er nemninga på andeartane som ikkje dykkar, men berre duppar hovud, hals og bryst nedi vatnet når dei skal finne mat.

Namnet er misvisande. Stokkanda, til dømes, er ein altetar.

Hjå stokkanda er vengjespegelen djupblå og innramma mellom to kvite band. Det er den fysiske strukturen i fjørene som syter for den blå fargen og moaréeffekten. Spegelen skal vere nyttig for å kjenne att artsfrendar.

Grasandungar blir ofte fostra opp av mora, og dei anar ikkje korleis ein hann av eigen art ser ut. Han er som regel annleis enn hoa, som hjå stokkanda. I tillegg blir par danna om hausten, kanskje ein stad der mange ender har samla seg; hoer av ulike artar kan ved første augnekast sjå like ut, men fargen på spegelen røper fort kva art det er tale om. Når dette er sagt, oppstår det ein del kryssingar på tvers av artsgrenser hjå grasender spesielt.

Kva er tilhøvet mellom individa i flokken som ligg spreidde på den skrå, enno isdekte breidda denne februardagen, lurer eg på. Tilhøva mellom individ hjå stokkanda synest ikkje å vere ei enkel sak. Det finst par, dei blir danna om hausten og held saman i alle fall fram til hekkesesongen. Hekkinga byrjar tidleg, i Sør-Noreg kan dei leggje egg alt i mars. Men mykje kan gå føre seg utanom parforholdet. Snakk om spegel: grasendene, stokkanda ikkje minst, kan spegle nokre av dei villaste syna når det gjeld sexliv. For ender har eit anna særtrekk, noko som er sjeldan i fugleverda: penis.

Paring hjå 97 prosent av fugleartane skjer gjennom eit «kloakkyss»: Både hann og hoe er utan utvendige kjønnsorgan, og det handlar om å få to hol, kloakkane, til å møtast for at spermiar skal bli overførte. Dette krev alltid eit visst samarbeid for at akta skal lukkast.

Teikning: Naïd Mubalegh

«Korleis det kjennest, det er løyndomen til endene.»

Men stokkanda høyrer altså til dei 3 prosentane av fugleartane som er utstyrte med eit penisliknande paringsorgan. Og ikkje berre finst organet hjå ei rekkje andefuglar, det kan også vere digert, opptil 40 centimeter i den søramerikanske arten trommeand, kjend for verdsrekorden i penislengd i høve til kroppsstorleik.

Kroppen til desse alminnelege stokkendene som rastar på isen, rommar ei verd av løyndomar. Lemmen har du sikkert ikkje sett, han ligg det meste av tida godt samankrølla inne i kroppen, og han blir helst trekt ut når hannen fyrst sit tett innpå hoa. Når penisen er ute, er han spiralforma og slyngjer seg i éi retning: mot klokka, ein viktig detalj i soga om sexlivet til stokkanda, som stadig får nye kapittel.

Det var fyrst på 2000-talet at ein forskar, Patricia Brennan, stilte spørsmålet: Korleis er det for hoa når hannen har ein slik lem, og når valdtekt synest vere ein utbreidd framgangsmåte hjå desse fuglane? Undringa voks etter at ho hadde sett ein erigert stokkandpenis, og ho sette i gang med å studere anatomien til holege andegenitalia, i lag med andre forskarar.

Hjå stokkanda openberra det seg ein særs kompleks vagina: lang, krokete og spiralforma, han òg, men retninga var med klokka og svingane tette. Attpåtil er han utstyrt med eit par–tre posar som fungerer som blindgater for penisen og sæden.

Forskarane studerte fleire andeartar med ulike penisfasongar og paringsåtferd, og dei fann tydelege koplingar mellom gjennomsnittleg lengd på penis, tal på tvungne paringar, og kompleksitet i utforminga av vaginaen. Det er ikkje lett å jobbe seg fram til prosessane og hendingane som gjennom enormt lang tid har produsert dei strukturane vi kan observere i dag.

Det som har gått føre seg hjå stokkanda, blir gjerne omtalt som eit våpenkappløp mellom kjønna. Men i akta med den utvalde – den sosiale partnaren – synest det også som eit presisjonssamarbeid må til for at endane på andegenitaliaa skal møtast.

Dei anatomiske trekka som har utvikla seg hjå hoa, gjer det nemleg langt vanskelegare for ein hann å befrukte henne dersom ikkje ho er med på akta. Sjølv om opptil 30–40 prosent av paringane kan vere tvinga på henne av andre hannar, står partnaren for over 90 prosent av befruktningane. Vondt får ein sikkert likevel ofte nok når ein er fødd som stokkandhoe. Korleis det kjennest, det er løyndomen til endene.

Eg har sett hannar av stokkand te seg omsynslaust overfor hoer og kvarandre, men det er ikkje sjeldan at grupper med stokkender framstår som fredfulle fellesskap. Og verkar ikkje desse fuglane, når dei kviler stille med hovudet gøymt i ryggfjørene, «inborrade i sig själva och sina drömmar», slik den svenske forfattaren Per Olov Enquist skreiv?

Naïd Mubalegh

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis