Valdeleg stokkanderotikk

Fyrst på 2000-talet stilte ein forskar spørsmålet: Korleis er det for hoa når hannen har ein slik lem?

Førebur denne stokkanda seg på hekkesesongen som er like om hjørnet? Penisen til stokkanda endrar storleik i løpet av året. Når dagane blir lengre og lysare, syter sexhormon for at han aukar i storleik. Om hausten krympar han betydeleg. Sjå også vengjespegelen som denne hannen avdekkjer.
Førebur denne stokkanda seg på hekkesesongen som er like om hjørnet? Penisen til stokkanda endrar storleik i løpet av året. Når dagane blir lengre og lysare, syter sexhormon for at han aukar i storleik. Om hausten krympar han betydeleg. Sjå også vengjespegelen som denne hannen avdekkjer. Førebur denne stokkanda seg på hekkesesongen som er like om hjørnet? Penisen til stokkanda endrar storleik i løpet av året. Når dagane blir lengre og lysare, syter sexhormon for at han aukar i storleik. Om hausten krympar han betydeleg. Sjå også vengjespegelen som denne hannen avdekkjer.
Publisert Sist oppdatert

Det er seint i februar. Vatnet har byrja å renne att, hålka svinn sakte. Stokkendene har vore her heile vinteren – hannar med glinsande, mørkegrønt hovud og hals, hoer i gråbrun, spraglete fjørdrakt. Ein gong i året skiftar dei alle fjørene på ein gong. I «eklipsedrakta» blir hannane lik hoene. Omfattande myting, eller fjørskift, gjer flukt og flyging vanskeleg. Det er fint å ikkje vere for synleg då. Men no ser begge kjønna igjen tydeleg ulike ut.

Trass i at dei det meste av året er så forskjellige at Carl von Linné tolka dei som to artar, har begge kjønn noko felles: ein spegel. Det heiter den vesle fargeflekken grasender ber på vengja, uavhengig av kjønn. Grasender er nemninga på andeartane som ikkje dykkar, men berre duppar hovud, hals og bryst nedi vatnet når dei skal finne mat.

Namnet er misvisande. Stokkanda, til dømes, er ein altetar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement