Frå historia

Vindmølla

Svære vindmølleparkar spreier seg over landet. Her frå Smøla i Møre og Romsdal.
Svære vindmølleparkar spreier seg over landet. Her frå Smøla i Møre og Romsdal.
Publisert

Vinden er ei gammal og velbrukt energiform. Når forfedrane våre drog på vikingtokt, var det med vind i segla.

Vind og gode båtar, med blafrande segl, skapte vikingtida. Med seglbåtane sine kunne forfedrane våre fare langt, over hava. Med berre robåt måtte ein halde seg til grannelaget.

No har vinden trengt seg inn i den politiske miljødebatten som eit lovande alternativ til andre og miljøskadelege energiformer. Svære vindmølleparkar spreier seg over landet. Om vi reiser over Europa i fly, kan vi frå vindaugo i flyet sjå skogar av vindmøller som står og snurrar under oss. Det har vindmøller i Europa gjort lenge. I Nederland står store vindmøller som driv vasspumpene som held havet borte.

I England pumpar dei vatn opp frå gruvene. Store vindmølleparkar er nye hos oss, og som alle kjende energiformer skaper dei strid. Kor skal dei stå? På Høg-Jæren? I havgapet? Langs riksvegane?

Små og spreidde vindmøller har vi hatt lenge, i alle fall eit lite hundreår.

Heime hadde vi vindmølle på garden, av merket Giant, reist i 1935. Ho gav straum til lys og strykejern. Det var alt. Spenninga var 32 volt. Men vinden var ujamn og upåliteleg, også då. Når vinden var for stri, måtte vi låse vindmølla, slik at ho ikkje sleit seg i filler. Straum skapt i vindfulle tider måtta takast vare på og lagrast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement