Frå historia

Ytringsfridommen – no

Rasmus Paludan nyttar den svenske ytingsfridommen til å brenne ei utgåve av Koranen utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm.
Rasmus Paludan nyttar den svenske ytingsfridommen til å brenne ei utgåve av Koranen utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm.
Publisert

Førre fredag skreiv eg om alt rommet ytringsfridommen hadde rydda seg dei siste hundreåra. Etter kvart vart det lov å ytre seg frimodig om det meste, som Gud og kongen og mykje anna.

Men når det gjeld krig, militærsaker, alliansar og den slags, må ytringsfridommen framleis trø varleg om han ikkje vil komme i konflikt med mektige krefter i samfunnet.

Under den siste verdskrigen stod det fram ei sterk motstandsrørsle i Finnmark. Denne rørsla hadde eit nært samarbeid med grannen i aust, Sovjetunionen. Dei hadde sams fiende, nazismen og Hitler.

Så var krigen over, og det vart kald krig. Gamle venner i Finnmark kom på kvar si side i denne nye krigen. Sovjetunionen vart fienden. Det gamle samarbeidet fekk eit mistankens slør over seg.

Uroa for Sovjetunionens framtidsplanar var reell. Hendingar sør for oss var skremmande: Aust-Berlin, Tsjekkoslovakia, Ungarn.

Resultatet vart at gamle motstandsfolk vart overvakte og trakasserte. Var dei til å stole på i dagens situasjon?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement