Om mangt anna er uvisst, er éi sak klar: Vi skal alle døy.
I generasjonar har det vore få eller ingen diskusjonar i Noreg om kva ritual som skal brukast etter eit dødsfall. Men i takt med at mange ikkje lenger trur på ein gud eller vil vere medlem av eit trus–?eller livsynssamfunn, kjem òg ynsket om andre seremoniar enn den tradisjonelle religiøse båre–?eller gravferda.
Utfordringa for mange av dei som ynskjer ein personleg seremoni, er at det ikkje finst passande lokale i nærmiljøet. Ofte endar familien likevel med å nytte kyrkja fordi det er upraktisk og ekstra arbeid knytt til å ha seremonien i eit grendehus, rådhus eller ein gymsal. Når unge menneske døyr, er det òg snakk om å ha stor nok kapasitet til å ta imot alle sørgjande. Det har som regel kyrkja.
I 2014 løyvde Kulturdepartementet ti millionar kroner til livssynsnøytrale seremonirom. Mesteparten av midlane gjekk til fem fylkeskommunar som var med i ei prøveordning for å leggje til rette for nøytrale seremonirom. Året etter valde regjeringa å droppe ei vidare stønadsordning. Grunngjevinga var at trus–?og livssynssamfunn sjølve må betale for seremonilokala sine.
Å sjå føre seg livssynsnøytrale seremonirom i alle kommunar er kan hende urealistisk. Likevel bør alle byar kunne tilby det. Ein måte å løyse det på er å tenkje nytt når ein pussar opp eller byggjer nye krematorium.
Salten krematorium i Bodø er eit døme på det. Seremonirommet som er knytt til krematoriet, er religionsnøytralt med kvite vegger og glaskunst som blikkfang. Anten det er dåp, bryllaup eller båreferd som går føre seg, vert symbol som høyrer til trus–?og livssynet vedkomande soknar til, sette fram. Utfordringa der, som så mange andre stader, er at det berre er plass til 125 personar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.