Ei svekking av demokratiet

Publisert

Onsdag 5. juli var høyringsfrist for framlegget frå regjeringa om å endre offentleglova, offentlegforskrifta og arkivforskrifta. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår eit tillegg i offentleglova paragraf 14 første ledd som seier at offentleg innsyn ikkje skal gjelde for organinterne dokument eller journalinnføring av slike dokument.

Mange av høyringsfråsegnene seier at endringsframlegget er svakt grunngjeve og mangelfullt utgreidd. Norsk Journalistlag skriv at framlegget har ein logisk brest når det i høyringsnotatet frå Justis- og beredskapsdepartementet vert hevda at eit generelt unntak for journalføring av organinterne dokument «ikke vil svekke allmennhetens informasjonstilgang».

Norsk Redaktørforening går så langt som å seie at framlegget i røynda «premierer» lovbrot i forvaltinga. Norsk Presseforbund skriv at det å ta frå samfunnet retten til innsyn i organinterne dokument er meir inngripande fordi vi vert fråtekne retten til å sjå at dokumenta finst.

Journalist Vidar Ystad har gjennom fleire artiklar i Dag og Tid vist kor viktig offentleglova er. I 15 månader nekta Finansdepartementet innsyn i dokumentlister som gjaldt saka om Christine Meyers avgang som direktør i Statistisk sentralbyrå i 2017. I ei sak som stod på trykk i Dag og Tid 24. april i år, sa Sivilombodet at Finansdepartementet ikkje hadde behandla innsynskravet i tråd med reglane i offentleg­lova, og at departementet heldt opplysningar attende utan heimel i lov eller forskrift gjeven i medhald av lov.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement