For dei som undrast over at så mange fattige nasjonar er «nøytrale» og ikkje vil vera med på sanksjonane mot Russland for åtaket på Ukraina, kan soga om den heimvende gulltanna til Patrice Lumumba, omtalt på side 20–21 i denne avisa, vera oppklarande.
Lumumba vart i 1960 den fyrste folkevalde statsleiaren i den tidlegare kolonien Belgisk Kongo, terrorveldet til kong Leopold II, eller åstad for handlinga i Joseph Conrads roman Mørkets hjerte, om ein vil.
Som statsminister kravde Patrice Lumumba fridom også frå postkolonial plyndring, som især USA var engasjert i der og då. I tillegg til Belgia, sjølvsagt, som framleis ville vera den stormakta i Kongo som dei ikkje var andre stader.
Panafrikanaren Lumumba stod i vegen, og på denne tida (og lenge etterpå) takla vestmaktene slike hindringar på same vis som me ser at Kreml gjer i dag – med trugsmål, vald og drap, som Andrej Kurkov vitnar om kvar veke frå Ukraina. Bruken av fattige leigesoldatar, stråmannskrig og femtekolonnistar er heller ikkje noko Russland har funne på, om nokre lesarar skulle sveva i ei slik villfaring.
Tvert om var det ofte til Sovjet leiarar som Lumumba måtte venda seg i nauda i 60-, 70- og 80-åra. Men Lumumba var for seint ute, som den einslege gulltanna vitnar om.
Soga om Lumumba er nitrist, ikkje berre for han, men for folket og landet hans òg, som vestlege demokrati – i dag berebjelkar i til dømes Nato – perverterte alt i krubba, og trist for Afrika av di soga ikkje er eineståande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.