JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Eit nytt Gaza kan koma i Libanon

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Røyk over sørlige Libanon etter eit israelsk åtak 26. september.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

1572
20240927
1572
20240927

Sør-Libanon står på kanten av stupet og kan bli eit nytt Gaza. Nærmar vi oss òg ein regional storkrig i Midtausten mellom Israel og Iran? Midtausten-ekspertar ser det siste som lite sannsynleg. Iran vil ikkje ha noko å tena på det og er heller ikkje militært eller politisk i stand til å føra ein krig mot Israel.

Faren for ein israelsk bakkeinvasjon i Sør-Libanon er høgst reell. I så fall vert det ein ny katastrofe for sivilbefolkninga i området. Islamistiske Hizbollah, med nære band til Iran, har på same måte som Hamas militære installasjonar og lager gøymde blant sivilbefolkninga. Og truleg eit like godt tunellsystem som Hamas. Hæren til Hizbollah er større enn den statlege libanesiske hæren og har kamperfaring frå krigen i Syria.

Ein bakkeinvasjonen vil verta langvarig og øydeleggjande for store delar av landet, og må hindrast. Det avgjerande for å få det til er ein slutt på krigen i Gaza. Hamas burde sjølvsagt på eige initiativ frigjort gislane og handla til beste for folket sitt. Men ein kynisk organisasjon som ser på offera i krigen mot Israel som martyrar, tenkjer ikkje slik.

Likevel må Israel stogga den vanvitige krigen landet fører i Gaza, som snart har vara i eitt år, med kanskje så mange som over 41.000 drepne så langt. Og langt fleire er skadde.

USA skulle ha pressa Israel til å få til ein fredsavtale. Men USA er ikkje til å lita på. Resultatet er at den nådelause Benjamin Netanyahu og krigskabinettet hans held fram krigen. Når får vi sjå det israelske folket reise seg mot denne gjengen?

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

Samfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Det store spelet

Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.

Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.

Foto: Altaf Qadri / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Korleis går det eigentleg med matproduksjonen der ute?

Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.

Rune Slagstad

Ein skapjurist forsvarar jussen

Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.

Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB

Samfunn

Ei god tid for martyrar

Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis