England trengst i EU

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje usannsynleg at England melder seg ut av EU. Folkerøystinga kan koma alt til sommaren, og meiningsmålingane syner daudt løp.

Norske Nei til EU, som i januar var i England for å få innsyn i den engelske Ut av EU-rørsla, vonar på engelsk utmelding og fortel til NRK at om så skjer, vil dei ta del i feiringa. Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum seier det same.

Noregs nei til EU har vore fornuftig, og engelskmennene må få gjera det dei trur er best for landet. Men er det bra for Noreg og Europa at England melder seg ut?

Tvilsamt. Ei engelsk utmelding vil styrkja føderalistane i EU. England har som hovudline vore for den indre marknaden, men mot politiseringa av EU. England har motarbeidd den overnasjonale utviklinga mot ein stadig tettare union der nasjonalstatane har mist meir og meir sjølvstende.

Difor er England heller ikkje med i eurosona og Schengen-samarbeidet. Denne opposisjonsrolla er det viktig at England framleis har, slik at nasjonalstaten held frammed å vera viktig og ha verdi i Europa i framtida.

Og dessutan: I dei politisk krevjande tidene som Europa no opplever, er ikkje tida inne for at England melder seg ut. Det vil bidra til ei ytterlegare svekking og handlingslamming av Europa – i motsetnad til om Noreg vert medlem eller ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement