Er tida inne for ei ny folkerøysting?
EU-flagget i Brussel.
Foto: Omar Havana / AP / NTB
Torsdag 28. november var det 30 år sidan Noreg sa nei til EU. Strategien med svenskesuget – der avrøystinga i Sverige to veker før, og Finland før der att, skulle medverka til at Noreg fylgde etter inn i EU – slo ikkje til. Noreg var framleis annleislandet. Heile 89 prosent deltok i avrøystinga. Det er eit høgt tal. 52 prosent av dei røysta mot.
Omsynet til fiskerinæringa, landbruket og sjølvråderetten trumfa «den europeiske draumen» til ja-sida, der EU-medlemskap skulle medverka til fred og samhandling. Nei-sida kontra med «rikmannsklubben» og «unionstraktaten» som kom til å gjera EU til ein forbundsstat som ville hindra medlemslanda til å gjera sjølvstendige vedtak – og vann fram.
Bør vi no, 30 år etter, gå inn i EU? Kan vi leva med ein EØS-avtale der vi utan røysterett stadig må godta nye EU-rettsreglar? Over 7800 av dei til no. EØS-avtalen er udemokratisk. Å hevda noko anna er useriøst. Men å melda seg ut av EØS og tru at ein kan få til ein like god handelsavtale, er urealistisk.
På eit vis kan vi leva med EØS-avtalen. Det er vorte eit nasjonalt kompromiss for å sikra ein nasjonal landbruks- og fiskeripolitikk – og trass alt har vi mykje suverenitet att på område som ikkje vert omfatta av EØS-avtalen. Resultatet i 1994 står seg såleis enno.
Er tida likevel inne for ei ny folkerøysting? Ja. Kvar generasjon bør få høve til å ta stilling til spørsmålet. Og argumenta for og imot EU er ikkje hogne i stein. EU i dag er noko anna enn EU i 1994. Mykje av Aust-Europa er inne – og krigen i Ukraina og signala frå USA gjer at Europa må stå samla og ta større ansvar i tryggingspolitikken. Samstundes har vi Nato, og Storbritannia valde brexit. Dessutan klarer Noreg seg godt utanfor EU, og vi har gode samarbeidsavtalar med EU.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.