Farvel til Viken

Publisert

Det ser heldigvis ut til at Viken no vert oppløyst, eit fylke som aldri skulle ha oppstått. Ikkje eingong namnet var rett, om ikkje anna skulle det heitt Vika, som i Sandvika i Bærum.

Viken er for stort, Hallingdal og Halden har ulike utfordringar. Heldigvis er ikkje vallova endra, så dei gamle fylka i landet er framleis valkrinsar ved stortingsval. Det fortel oss at mange av dei nye fylkessamanslåingane, særleg Viken, ikkje lenger fylgjer naturlege inndelingar.

Men no ser endeleg Arbeidarpartiet i Viken ut til å ha samla seg, etter ein merkeleg runde der to statsrådar, utanriksminister Anniken Huitfeldt og kunnskapsminister Tonje Brenna, har vore fylkespolitikarar på kveldstid og arbeidd imot oppløysing.

Formuleringa i Hurdalsplattforma er: «det skal i løpet av 2021 settes i gang en prosess for å gjenopprette Akershus, Buskerud og Østfold basert på en søknad fra fylkestinget i Viken».

Det er uklart formulert. Men sjølv om det skulle sendast ein søknad fyrst, var intensjonen klar: Viken skulle oppløysast. Ingen såg føre seg, etter alt som var sagt frå Arbeidarpartiet i valkampen, at deira eigne regjeringsmedlemer ville arbeida imot at ein slik søknad vart send.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement