Flott av Fotballforbundet
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB
Saudi-Arabia har fått tildelt fotball-VM i 2034. Det er nedslåande, men på ingen måte uventa. Det internasjonale fotballforbundet har knapt truverde lenger, lèt pengane styra og har late seg begeistra av dei storslegne planane Saudi-Arabia har for verdsmeisterskapen.
Saudi-Arabia har i mange år freista å gjera seg vakre gjennom idretten. Med fotballspelaren Cristiano Ronaldo i spissen lèt fotballspelarar, golfspelarar, Formel 1-køyrarar og ei rekkje andre idrettsutøvarar seg kjøpa og gjev leiarane i landet internasjonal legitimitet og prestisje.
VM-arrangementet vert sikkert bra. Pengar har dei nok av i Saudi-Arabia. Men dei manglar respekt for elementære menneskerettar. Difor er det flott at Norges Fotballforbund (NFF), som einaste forbund, har stått opp mot vedtaket.
I eit tydeleg og klart brev til Fifa-kongressen kom Fotballforbundet med dissens og kritiserte prosessen for at han ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretok «prinsippene om ansvarlighet, transparens og objektivitet». Dessutan: «FIFAs egne retningslinjer for menneskerettigheter og aktsomhet er heller ikke godt nok integrert i prosessen».
Noreg kan vera stolt av at vi har eit så uredd og prinsippfast styre i NFF, med fotballpresident Lise Klaveness og generalsekretær Karl-Petter Løken i spissen.
Så kan dei som har planar om å reisa til Saudi-Arabia, lesa litt om menneskerettssituasjonen i landet. Start gjerne med rapportane til Amnesty som dokumenterer vilkårleg fengsling av journalistar og forfattarar, langvarige og urettvise rettssaker og eit system som sikrar arbeidsgjevarane stor makt over migrantarbeidarane.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.