Den flytande brakkeriggen «Bibby Stockholm» som blei innflytt denne veka i hamna i Portland i Dorset, minner om ein gamal og illkjend britisk praksis. Innkvartering på prison hulks – skip som flyt, men ikkje er sjødyktige – var mykje bruka til straffangar i Storbritannia frå 1776 og dei neste 80 åra.
Revoltar i den amerikanske kolonien gav god tilgang på kvesta skip, og då kolonien vann sjølvstendekrigen mot britane, hopa fangane seg opp på dei flytande prisonane me kjenner frå «Terje Vigen» – straffangar var ikkje lenger velkomne til USA. (Slik oppdaga britane på nytt Australia i ei skuff med gamle kart etter James Cook, men det er ei anna soge).
Historia er innbakt i nyhendet om «Bibby Stockholm». Denne gongen er ikkje føremålet å fylla koloniane med britiske lenkegjengar. No er poenget å mana fram dei gamle skremmebileta for å hindra at folk frå koloniane søkjer seg til Storbritannia.
I seg sjølv er «Bibby Stockholm» ein heilt OK brakkerigg, hundre meter lang, i tre etasjar. Han har tidlegare husa oljearbeidarar som er vande med høg standard, og han har sirkulert i Europa som hybelhus for heimlause, studentar og – sist – anleggsarbeidarar i Sverige.
No er både eine- og fellesromma møblerte med køysenger. Slik skal eit halvt tusen mann, for dei er alle einslege menn, få plass på denne eine riggen.
Det er ikkje billigare å driva flytande asylmottak enn å driva mottak på den britiske landjorda, syner reknestykka til avisa Guardian. Vinsten i «Bibby Stockholm»-riggen ligg i eit rykte så dårleg at asylsøkjarane søkjer seg andre stader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.