For ein nedtur
Vinnar av presidentvalet i USA, Donald Trump, på veg opp på scena valnatta 6. november.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Trump skulle aldri ha vorte president, men kasta ut av sitt eige parti for lenge sidan. Måten han omtalar folk på, alle løgnene og overdrivingane, er uverdig for ein folkevald. No kjem ein ingen veg med slike utbrot mot Trump og dei prinsipplause medlemene i partiet hans. Ein må likevel få det ut, av rein sjølvrespekt.
Kven ville hatt ein slik mann som rektor på skulen til ungane sine? Men president kan han altså bli? I fleire statar har godt over 50 prosent røysta på han. I Nord-Dakota røysta 67 prosent på Trump. I Wyoming 71,6. Og det på ein mann som nekta for at han tapte valet i 2020. Saman med ein tvilsam gjeng med rådgjevarar herja han på i vekevis etter valet med ulike konspirasjonar om fusk. I dag har sentrale representantar for det republikanske partiet stilt seg bak løgna.
Ei slik fornekting er sjølvsagt undergravande for demokratiet. I 2020 vart tilliten til folkestyret berga av domstolane som avviste søksmåla frå Trump. Men demokratiet er ikkje ei evigvarande styreform. Ein kan ikkje hersa med det på denne måten utan at det vert svekt.
No må ein vona på det beste. Det ubehagelege er at vi ikkje veit kva vi har i vente, for vi veit ikkje kva vi skal tru på av alt Trump har sagt. Vi har i det heile ikkje eit omgrepsapparat som kan fanga kva han representerer. Situasjonen er annleis no enn i 2016. No eig han partiet og kan styra som han vil.
Så må det demokratiske partiet ta sin del av ansvaret. At dei gav Biden ny tillit som presidentkandidat, var eit stort feilgrep. Det gjorde at Kamala Harris, som neppe ville ha vorte kandidat på vanleg måte, fekk for lite tid til å presentera seg. Dessutan er det vanskeleg å skjøna at Biden-administrasjonen ikkje sette alt inn på å stogga den høge illegale innvandringa. Alle land må ha kontroll på grensene sine.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.