Formuesskatt?

Publisert Sist oppdatert

Skal folk måtta betala skatt av eigne oppsparde spare­pengar, på nedbetalte hus eller av lausøyre av ein viss verdi dei måtte ha i huset? Alt saman arva, kjøpt eller spart opp av pengar som det tidlegare er betalt skatt av?

Kvifor skal du betala skatt på eit nedbetalt hus dersom du har låg inntekt og lite sparepengar? Og kvifor skal verksemder som går i underskot, likevel måtta betala skatt av bygningar eller annan kapital og såleis svekkja verksemda endå meir?

Eller kvifor skal norske verksemder betala skatt når utanlandske slepp – og såleis bidra til å styrkja utanlandske eigarar andsynes norske eigarar?

Svaret er at formuesskatten, trass i mange urimelege utslag, likevel er ei av dei beste skatteformene vi har.

Alle vert uansett skattlagde fleire gonger. Om det gjeld vanleg lønsskatt, arbeidsgjevaravgift, momsskatten på ei mengd ulike varer eller særlege avgifter som på bensin og alkohol. Velferdsstaten må ha pengar, og måten å få dei inn på er gjennom skattar og avgifter.

Det gode med formuesskatten er at han råkar mest dei som har mest, og at han ikkje svekkjer folks vilje til å arbeida – noko toppskatten gjer. Difor meiner òg OECD at formuesskatt, saman med arveavgifta og avgifter som moms, er den beste skatteforma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement