Gå til venstre
Aktuelt arkivfoto: På ein gang- og sykkelveg i Oslo valde Erna Solberg i 2013 å gå midt i vegen for å møta velgjarane, medan Fredrik Solvang frå NRK held seg klokeleg til venstre. Veskeberaren okkuperte høgresida. Den unge syklisten måtte såleis passera følgjet i høgre grøft, i tilnærma gangfart.
Foto: Aleksander Andersen / NTB
Trygg Trafikk hadde ei spørjeundersøking om gang- og sykkelstiar der éin av fire av dei spurde var uvisse på kva side dei burde gå på. Dei hine meinte såleis at dei visste kva side som er den rette, men majoriteten tok feil, igjen, for sanninga her er at det ikkje er noka feil eller rett side. Kvar fotgjengar kan velja nett den sida han vil.
Konsekvensen av slikt anarki kjenner me godt, diverre: Syklistane, som faktisk har reglar, skal som køyrande i eit land med høgrekøyring per definisjon halda til høgre, på same tid som dei må tilpassa seg fotgjengarar som går kor dei vil.
Fotgjengarar som er uvisse på kva som er den rette sida, tenderer mot å sentrera seg i gang- og sykkelvegen. For liksom å vera på den sikre sida. På den gylne middelvegen?
I røynda er midten den absolutt minst sikre staden å ferdast på ein slik veg. For syklistar som kjem bak, må då velja ei vilkårleg vegskulder å passera på, og då vona at fotgjengaren ikkje gjer eit byks til nett den sida.
No seier lova at syklisten skal passera fotgjengaren i tilnærma gangfart. Korleis ein syklist i gangfart skal passera ein joggar, er ikkje sagt.
Somme val er frigjerande, men unødig mange val kan vera lammande. I dag heiter det i forskrift om køyrande og gåande trafikk, paragraf 19: «Gående som nytter kjørebane, skal gå ytterst til venstre i gangretningen, men ytterst til høyre dersom han leier sykkel. Motsatt side av kjørebanen kan nyttes dersom den gående ellers ville bli utsatt for fare, eller hvis særlige forhold tilsier det.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.