God tur til Iran

Publisert Sist oppdatert

Per Sandberg har feriert i Iran, og lukkeleg, lèt det til, men no er han heimkomen og skal ha på pukkelen. Både reisemålet og reisefølgjet kunne visst vore meir høveleg, og så braut han den viktigaste av dei norske fjellvettreglane. Han sa ikkje frå kor han drog.

Det er mogleg at Sandberg har brote med skikk og bruk for medlemer av ei norsk regjering, og eventuelt med skikk og bruk i Framstegspartiet. Men han burde mest av alt få ros. Ros for sine framsteg på eit plan som står over desse andre: det mellommenneskelege planet. Sandberg har møtt menneske som i hans politiske krins ofte elles blir avhumaniserte, generaliserte, vegne og talde.

For å sjå nett kor langt han har kome på den nye danningsreisa med iransk veninne, må me minnast kor han kom frå: «Jeg støtter meg til politidirektør Killengreen når jeg hevder at forskjellige raser, religioner og kulturer ikke må blandes hvis vi skal ha et harmonisk samfunn i Norge», sa Sandberg til TV 2 i 2003. Slik var sjølvsagt ikkje synet til Ingelin Killengreen.

Slik var synet til Per Sandberg. Eventuelt meinte han det ikkje den gongen heller, men han sa det likevel til galleriet av røysteføre som kunne tenkjast å ha slike meiningar. Uansett må Per Sandberg ha gjort store framsteg. I 2018 viser han eit mykje opnare sinnelag og forsvarar reisa si i Dagsnytt 18 etter heimkoma: «Jeg anbefaler på det sterkeste å ta en tur til Iran og se med egne øyne hvordan unge jenter og kvinner i Iran i det stille opponerer mot regimet. Det var ikke bare Letnes som var uten hijab. Det skal jeg love deg.»

Partifellen Christian Tybring-Gjedde var ikkje med på danningsreisa. Han ser ut til å stå der Sandberg stod i 2003, og seier til Aftenposten: «Denne saken er altfor alvorlig til å gjøre den til en intern uenighet i Frp. Saken bør vurderes av statsministerens kontor.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement