Avgjerda om kva regjering Kristeleg Folkeparti skal gå inn i, er politikk på det mest spanande og mest prinsipielle. I ein slik kort og intens debatt om vegvalet til eit parti vil det sjølvsagt vera høg temperatur og sterke meiningar.
Media har lett for å ta tak i det siste. Ikkje minst VG: «Kaotisk og konfliktfylt møte», «Forlot årsmøtet i protest», «Sjokkert KrF-veteran». Men er det kaos og mistillit som har prega debatten og dei ekstraordinære årsmøta i KrF så langt?
I det såkalla «kaotiske» møtet som VG refererer til i Buskerud, var det rett nok debatt om kor mange frå kvar leir som skulle representera dei på landsmøtet. Men det vart greitt avklara i samråd med partiapparatet sentralt. Og gjekk nokon i protest frå møtet? Nei. Tittelen stod ikkje i samsvar med sjølve intervjuet i saka.
Årsmøta har vore sende direkte på nettet. Det som slår ein, er at møta har vore rolege og prega av respekt for ulike synspunkt og ein vilje til å koma ut av denne prosessen som eit samla parti. Det same gjeld inntrykket av dei aller fleste som har uttala seg i media. Sjølvsagt finst det unnatak, noko anna ville vore overraskande når prosessen er så open og medietrykket så sterkt.
Det som har skapt mest strid, er at partileiinga ikkje har laga klåre og tydelege reglar for mandatfordelinga frå kvart fylke. Det er eit stort feilgrep og kan verta lagnadstungt for partiet.
At fylkesårsmøtet i Rogaland sender 15 blå representantar og berre 1 raud, sjølv om ein tredel på årsmøtet røysta for ei KrF/Sp/Ap-regjering, og alle dei andre fylka så langt har fordelt delegatane etter kor mange røyster dei to alternativa fekk, legg ein skugge over heile avgjerdsprosessen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.