Havørna er ikkje heilag
Havørn med fisk ved Løfsnes i Flatanger.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
I 1968, etter 123 år med skotpremie på havørn, var det eit yrande liv i dei norske fuglefjella. Sidan fredinga av havørna har sjøfuglkoloni etter sjøfuglkoloni kollapsa, fuglefjellet på Runde er desimert, og krykkjekolonien på Vedøya på Røst er borte, som på Hornøya i Aust-Finnmark, for å nemna nokre triste døme.
Medan den eine sjøfuglarten etter den andre har hamna på raudlista, er havørna av raudlista. På det meste blei det utbetalt skotpremie for tusen ørnar i året, skriv Knut Sverre Horn på NRK.no. No er her til kvar tid opptil 4200 hekkande par havørner, melder Birdlife Norge – under tittelen «Havørna – en norsk suksesshistorie».
Stemmer det? Må ein vera norsk rovfuglekspert for ikkje å tenkja den tanken at det kan vera stikk motsett, nemleg at andre artar har betalt ein høg bris for havørndyrkinga i nyare tid? Lat gå at me andre ikkje ser dei meir komplekse årsakene til sjøfuglkollapsen, som skipla marine økosystem, til dømes at menneska har teke fisken frå fuglane, og til og med teke fiskesloet frå dei med forbodet mot utkast i hav frå fiskefartøy.
Krykkja lastar oss ikkje, tvert om, ho har no etablert eit nytt fuglefjell på hengebrua over Gjemnessundet i Møre og Romsdal, og ei årsak til det kan vera at havørna ikkje trivst der, mellom menneske. Slik har det òg blitt i Tromsø. Menneska har blåse opp bestandane av sjøfugl ved å skjerma dei mot ørn, og no kanskje desimert dei same artane med hjelp frå ørna. Slik har me styrt og stelt med liv og lagnad til lands og til havs og i lufta med.
Ørna er ei dårleg jeger, seier eksperten Alv Ottar Folkestad til NRK, og ein god fiskar, legg han til. Som om det skulle frikjenna ørna i denne saka. Ein dårleg jeger skremmer òg opp hekkande sjøfugl, så svartbak, ramn og kråke uforstyrra kan forsyna seg av egg og ungar. At flokkar på meir enn 50 havørnar kan ha katastrofal verknad på eit fuglefjell, er rimeleg å tru.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.