Leiar
Hordfast bør avvisast
Siste nytt om gigantprosjektet Hordfast: kostnad 53,7 milliardar 2023-kroner. Opp 7,5 milliardar frå siste måling på 46,2 milliardar kroner, melde Statens vegvesen tidlegare denne månaden.
Hordfast går inn i den våte draumen mange har om at Vestlandet endeleg skal få eit ferjefritt vegsamband langs kysten. Ikkje lite optimistisk, det veit alle som kjenner til landskapet som skal overvinnast.
55 km med firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t gjennom sju tunnelar, fem toplanskryss og fem store bruer skal erstatta ferjene. Den lengste brua som er planlagd, vert på 5,5 km og er ein kombinasjon av sideforankra flytebru og skråkabelbru. Ho kan visst nok verta verdas lengste flytebru.
Kvifor har prisen gått opp sju milliardar kroner sidan sist? Denne gongen gjeld høgare kostnader for grunnerverv og støytiltak, fleire sekundærvegar og fleire kryssløysingar. Er det grunn til å tru at kostnaden no vert den endelege? Tvilsamt.
No tilrår Vegvesenet å senda reguleringsframlegget på høyring, for deretter å arrangera folkemøte i dei tre kommunane som vegen skal gå gjennom, Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.