Jordvernet tapar

Publisert

Vi held fram med å byggja ned matjorda vår i dette landet – altså jord som enkelt nyttast som jordbruksland.

Ifylgje Nationen har Statistisk sentralbyrå så langt i år rapportert inn at vi omdisponerte 4160 dekar dyrka jord i 2022 til andre føremål enn landbruk. Enno er det nokre få kommunar att som ikkje her meldt inn tala.

I tillegg vart over 4000 dekar dyrkbar jord bygd ned i 2022. Det vil seia jord som kan dyrkast om til jordbruksland, altså reserven vi har for å erstatta all den dyrkbare jorda vi er så ivrige etter å byggja ned.

Dette er ein særs uklok politikk i eit land som er blant dei med minst matjord per innbyggjarar på kloden. Og det er ein særs dristig politikk i eit land og i ei verd der vi vert stadig fleire menneske.

Regjeringa har i Hurdalsplattforma sett eit langsiktig mål om ei «maksimal omdisponering av 2000 dekar dyrka mark årleg». Det er eit viktig og naudsynt vedtak som må fylgjast opp med ein praktisk politikk med klare og strenge krav.

Jordvernet vert utfordra kvar einaste dag rundt omkring i dei norske by- og kommunestyra. Stadig er det ei eller anna «fornuftig» utbygging som må prioriterast før vernet av matjorda – nye vegar, industriutbygg, kjøpesenter eller bustadbygging. I sak etter sak syner det seg at jordvernet tapar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement