KrFs lagnadsval

Publisert Sist oppdatert

Kristeleg Folkeparti skal no gjera sitt viktigaste val i partiets historie. Det valet bør dei få gjera i fred utan innblanding frå andre parti. Det bør òg høgrefolk merka seg.

KrF burde ha kome med eit klart standpunkt for lenge sidan – helst i 2013, då valet stod om Frp skulle få regjeringsmakt eller ikkje. Iallfall burde dei hatt eit meir tydeleg og realistisk standpunkt før valet i 2017. Vedtaket om at dei kunne støtta Erna Solberg som statsminister, men ikkje sitja i regjering med Frp, har vore feilslått.

Utfordringa for KrF er no å halda på både dei konservative og dei liberale i partiet, både statskyrkje–?og frikyrkemedlemer, Frp-kritiske og Frp-venlege. Det siste har vore det store konflikttemaet i partiet i lang tid. KrF-miljøet i Bergen for ti år sidan kan stå som døme. For gamleordføraren i byen, Arne Næss, var det uforståeleg at nokon i KrF kunne samarbeida med Frp. Men ungdomen som kom inn i partiet, frå miljøet rundt avisa Norge i Dag, var glade for at Bondevik/Haugland-perioden var over, og godtok ikkje åtvaringa mot Frp.

Korleis den liberalistiske og meir aktivt Israel-venlege delen av KrF, som òg har ein ibuande skepsis til Ap, skal kunna blidgjerast om landsmøtet skulle seia ja til samarbeid mot venstre, er vanskeleg å skjøna. Likeins, skulle den andre fronten tapa, sosialistane, som Carl I. Hagen kallar dei, får ein same problemet.

Dag og Tid har på leiarplass alltid vore sterkt kritisk til at Frp skal sitja i regjering. Men spørsmålet her er kva som er best og mest naturleg for KrF å gjera. Vi meinte seinast i fjor at alle parti bør søkja regjeringsmakt. KrF måtte såleis gjere eit val, godta at dei var eit konservativt parti, og gå inn i Solberg-regjeringa.

Men etter det overraskande utspelet til Hareide, der eit regjeringssamarbeid med Sp og Ap syner seg som eit reelt alternativ, er ikkje svaret på kva som tener partiet best, like eintydig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement