Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg tek knapt sjølvkritikk på det norske bidraget til Libya-krigen og seier til NRK at «vi visste mer enn nok til å fatte de beslutningene vi gjorde og bidra til å stanse forfølgelse av og drap på sivile i Libya».
Det er smått utruleg. Både vedtaksprosessen og sjølve Libya-krigen, som Noreg var ein sentral bidragsytar til, kan ikkje kallast anna enn eit stort mistak – og ein katastrofe for folket i Libya. Landet vart destabilisert og er i dag styrt av militsgrupper der militante islamistar har stort spelerom.
Evalueringsrapporten som Stortinget hadde tinga om den norske innsatsen i Libya-krigen, kom sist veke. Diverre er ikkje rapporten kritisk nok. Utvalet, med tidlegare utanriksminister Jan Petersen som leiar, har lagt seg på ei forsonleg line. Som Kaj Skagen viser i dagens avis, var den britiske rapporten om Libya-krigen langt meir presis og kritisk.
Dag og Tid støtta på leiarplass ei flyforbodssone før krigen starta. Det var ei stor feilvurdering som vi har orsaka seinare. Vi trudde at ei flyforbodssone var nettopp det ordet seier, eit tiltak for å hindra Gaddafi i å bomba sivilbefolkninga i Benghazi.
Men det var naivt. Nato brukte FN-mandatet som skalkeskjul for å hjelpa opprørarane med å velta Gaddafi-regimet. Dessutan var trugsmålet mot sivilbefolkninga i Benghazi overdrive.
Libya-krigen er eit trist kapittel og det største mistaket i norsk utanrikspolitikk etter andre verdskrigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.