Når målet er 2 prosent

Publisert Sist oppdatert

Donald Trump svingar pisken over Nato-landa som ikkje brukar nok pengar på forsvar, og Noreg lovar bot og betring: Vi skal auka forsvarsutgiftene frå 1,6 til 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) i god tid innan 2024. Det same gjer andre irettesette medlemsland, bortsett frå Storbritannia, Hellas og Estland, som alt er i mål med pengebruken.

Noko skurrar. Har ikkje arme Hellas noko betre å bruka pengar på enn forsvar? Med Tyrkia som nabo er kan hende ikkje svaret opplagt, sjølv om båe er Nato-medlemer. Men kva med oss? Noreg kan saktens trenga eit betre og ikkje minst breiare forsvar.

Diverre er det ikkje gjeve at noko blir betre berre av di det kostar meir. Dette er vel kjent for oss som har interesse for til dømes bistand, der målet lenge har vore å løyva 1 prosent av BNP til dei mest trengande landa og folka i verda. 1 prosent av BNP i Olje-Noreg anno 2018 er ei uhorveleg mengd pengar, så mykje at det er uråd å få brukt alt på fornuftige prosjekt – som i regelen er små, enkle og rimelege.

Når eit eittprosentmål innan bistand er til mest hjelp for ­bistandsparasittar, kva kan ein då venta av eit toprosentmål for forsvaret? Oppgangstid for våpenhandlarane.

Nato-målet for pengebruk på forsvar er såleis best eigna til å gjera Donald Trump til lags og seier lite om kvaliteteten på forsvaret av landet vårt. Men i ­bistandspolitikken så vel som i forsvarspolitikken oppstår det ein meiningsauksjon der politikarane vil visa betre hjartelag eller større forsvarsvilje enn rivalane sine ved å overby dei.

Om Noreg har Nato-motstandarar att, eller i det minste Nato-kritikarar, lèt dei høyra påfallande lite frå seg for tida. Med Trump som Nato-sponsor, Erdogan som alliert og Jens Stoltenberg som vår eigen ­natoastmaster er slike røyster sårt sakna i det offentlege ordskiftet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement