Nasjonalteater i stadig nye akter
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery la fram utgreiinga frå Statsbygg om vidare arbeid med rehabilitering av Nationaltheatret.
Amanda Pedersen Giske / NTB
Fredag 28. juni la kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery fram utgreiinga frå Statsbygg om vidare arbeid med rehabilitering av Nationaltheatret. På pressekonferansen understreka ho kor viktig Nationaltheatret har vore som ein leiande kunstinstitusjon, og at målet er å halde på denne posisjonen i framtida.
Nationaltheatret, som vart teikna av arkitekt Henrik Bull, stod ferdig i 1899 og var for lite alt då. Ei utviding av teateret har vore diskutert sidan 1930-åra. Etter ein brann i 1980 vart det rehabilitert, men ikkje modernisert. Ei utviding vart diskutert då den nye jarnbanetunnelen vart bygd i 1990-åra, men forkasta. I byrjinga av 2000-talet kom to tilstandsanalysar, i 2012 vedtok regjeringa å setje i gang ei utgreiing, og i 2014 vart det tilrådd full rehabilitering av bygningen, noko som òg innebar leiting etter alternative scener i byggjeperioden.
Ti år seinare lanserer Statsbygg tre alternativ: Tullinløkka-løysinga med ei ny, moderne scene med plass til 500 og ei biscene med plass til 200 i eit nybygg under Tullinløkka, og med bruk av Nasjonalgalleriet som publikumsareal og til støttefunksjonar for teateret. I dei to delte løysingane ligg hovudscena i den gamle teaterbygningen og biscenene utanfor sentrum. Tullinløkka-løysinga er kostnadsrekna til 9,75 milliardar kroner, men ingen av alternativa er kvalitetssikra enno.
Tida er overmoden for å rehabilitere den freda bygningen som har hyst Nationaltheatret i 125 år, men er det den rette staden for eit moderne teater? Det Norske Teatret flytta inn i nytt hus i 1985, Den Norske Opera & Ballett i 2008 – begge med ein lang veg fram til betre spelerom. Sjølv med ein svimlande kostnad og lang byggjetid er det vanskeleg ikkje å sjå at løysinga med eit nytt teaterhus er den beste for å gjere Nationaltheatret til ein leiande kunstinstitusjon for framtida.
Tiril Rem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trampolinehagefest
Eg har brote med eigne prinsipp og kjøpt ein trampoline. Kva skjedde?
Evan Boone er fødd i USA, men har budd i Noreg sidan 2016. Ho er programmerar med mastergrad i informasjonstryggleik.
Foto: Agnete Brun
Finne seg sjølv
Evan Boone lar draum og realitet flyte saman.
Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.
Foto: Pooneh Ghana
Blomar og kjæledyr
Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.
Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.
Foto: Oda Berby
«Så stig da i meg, einsemd»
Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.
Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.
Foto: Atsushi Nishijima / Disney
Asosiale eksperiment
Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.