Nei til tvillingabort

Publisert Sist oppdatert

Statsminister Erna Solbergs innspel om abortspørsmålet før KrFs landsmøte om deltaking i regjeringa eller ikkje var ei utidig innblanding i avgjersleprosessen som KrF stod midt oppe i.

Å skulle endre abortlova er eit stort og grunnleggjande spørsmål som ikkje bør vera tema for forhandlingar om regjeringsdeltaking – der ein byter delar av abortlova mot vegar, eigedomskatt eller kva det måtte vera. Eventuelle endringar av abortlova må avgjerast av Stortinget etter ein prinsipiell, brei og grundig debatt.

I ein slik debatt bør absolutt spørsmålet om tvillingabort, som Stortinget i 2016 vedtok var innanfor gjeldande abortlov, diskuterast på nytt – altså at ein tillét å ta bort minst eitt av fleire friske foster i eit tvilling–?eller fleirlingsvangerskap fordi kvinna av ulike årsaker ikkje ønskjer meir enn eitt barn. Noreg er det einaste landet i Europa som gjev sjølvbestemt rett til fosterreduksjon – før veke tolv i svangerskapet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement