Engelsk held fram sigersgangen sin i Noreg, godt støtta opp av gode hjelparar ved universiteta våre. Vi kjenner alle til det tåpelege påhittet ved at Høgskulen i Oslo og Akershus no kallar seg «Oslo Metropolitan University – storbyuniversitetet» på alle velkomstskilt.
Det siste i den norske anglofiseringa er det Universitetet i Stavanger – orsak University of Stavanger – som har stått for. Der var heile den offisielle semesteropninga og velkomstseremonien no i haust på engelsk. Alt frå ordstyraren, talen til rektor, ordføraren og studentrepresentanten.
Til Khrono seier rektoren at «i år hadde vi felles semesteråpning og felles fadderuker for norske og utenlandske studenter (...) Jeg har tro på at dette er veien å gå for å oppnå inkludering (...) Vi tror at ved store arrangementer, så er det positivt at vi bruker engelsk.»
Det er høfleg at ein ynskjer utanlandsstudentane hjarteleg velkomne. Det kunne ein gjort ved å leggja inn nokre velkomstsetningar på engelsk. Eller delt ut dei ferdigskrivne engelsktalane til utanlandsstudentane. Men å arrangera heile opningsseremonien på engelsk er berre endå eit døme på den overivrige internasjonaliseringa som rir universiteta våre.
Det er viktig å minna om at den primære oppgåva til mange av universiteta og høgskulane våre er å vera ein lærestad for profesjonsutdanningane – for studentar som skal verta lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar, og som skal fungera i det norske arbeidslivet, på norsk.
Dessutan bidrar bruken av engelsk til å undergrava det langsiktige og krevjande arbeidet som trengst for å oppretthalda og dyrka det norske språket. Utdanningsinstitusjonane er avgjerande for å få dette til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.