Nytenking må til
Folk samla seg utanfor fylkeshuset på Hamar 23. oktober. Same dag vart det bestemt at fleire skular skal leggast ned i Innlandet.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Les også
Utdanningsforbundet Innlandet heldt demonstrasjon mot nedleggingsplanane på Hamar denne veka. Onsdag vedtok fylkestinget å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestader i Innlandet.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Skulenedlegginga i Innlandet kjem til å koste Arbeidarpartiet dyrt, trur varaordførar Bjørn Ola Aukrust i Lom.
Les også
Det finst gode argument for å legge ned vidaregåande skular.

Så er det over og ut for dei vidaregåande skulane i Lom, Dombås, Dokka, Skarnes, Flisa og Sønsterud. 700 elevar vert råka, og dei seks lokalsamfunna mistar viktige arbeidsplassar. Dette er eit hardt slag for utkantar i gamle Oppland og Hedmark.
Det er berre eitt år sidan fylkestingsvalet. Visste veljarane i Lom, Dokka og dei andre bygdene kva dei røysta på i 2023? Fortalde Arbeidarpartiet, Høgre og MDG, som stod bak fleirtalet for nedlegginga, at dei kunne koma til å leggja ned seks skular alt året etter?
Høgre var tydelegast. I fylkestingsprogrammet for 2023–2027 vil dei «tilpasse skolestrukturen for en bærekraftig dimensjonering, lokalisering og finansiering basert på nåværende og framskrevne elevtall». Greitt. Her får veljarane eit innsyn i kva Høgre vil gjera.
MDG var meir tvitydige. Dei ville rett nok ha ein «helhetlig gjennomgang av skolestruktur, finansieringsmodell og linjetilbudet i hele fylket». Men samstundes gav dei inntrykk av at skular med «begrenset elevgrunnlag i spredtbygde områder» skulle kunna halda fram ved at dei «tildeles sjeldne linjer».
Og Arbeidarpartiet? Her var det lite i partiprogrammet som ymta om nedleggingar. Med tittelen «Ap bygger Innlandet» lova partiet «en desentralisert skolestruktur», basert på «elevenes ønsker og næringslivets behov». Og dei lova å «strekke seg for å opprettholde utdanningsprogram med få søkere ved distriktsskoler». Eitt år etter legg dei ned seks skular. Slikt gjev ikkje tillit. Her bryt partiet valkontrakten med veljarane.
Skulesituasjonen og problema med befolkningsutviklinga i fylket har vore kjent lenge. Difor burde denne saka, som har så store konsekvensar, vore varsla i god tid slik at veljarane kunne teke stilling til saka i eit val.
Kva meiner kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun om nedleggingane? Ho har jo vore tydeleg og skarp etter ho kom inn i regjeringa. Men no seier ho knapt noko. Det gjev lite meining å ha politikarar som ikkje har meiningar.
Denne saka er ikkje unik for Innlandet. No treng vi vilje til å tenkja nytt om korleis vi kan oppretthalda små vidaregåande skular. Med entusiasme og kreativitet kan ein liten skule med få elevar vera vel så inspirerande som ein stor. Men sjølvsagt kan ikkje ein liten skule tilby mange liner. Men det forventar ein heller ikkje på små stader.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.