Nytt klimavarsel
Den globale oppvarminga går stadig raskare, skal vi tru den nye rapporten Indicators of Global Climate Change 2023.
Elvehus og båtar langs Puraquequara-innsjøen som vart hardt råka av tørke i 2023.
Foto: Edmar Barros / AP / NTB
Den globale oppvarminga går stadig raskare, skal vi tru den nye rapporten Indicators of Global Climate Change 2023, publisert i tidsskriftet Earth System Science Data. Rapporten er ei oppdatering av klimautviklinga i verda sidan den siste store rapporten frå Klimapanelet til FN i 2021. Hovudansvarleg for studien er den britiske fysikkprofessoren Piers Forster. I oppsummeringa står det at «menneskeskapt oppvarming har auka i eit tempo som er utan sidestykke».
Norske Cicero har vore med på å lage studien. Til NRK seier Gunnar Myhre, forskingsleiar ved instituttet, at 90 prosent av den globale oppvarminga i fjor kjem av menneskeleg aktivitet. Ifylgje studien kan ein altså ikkje leggja så mykje av skulda for denne oppvarminga på vêrfenomenet El Niño eller andre naturlege skiftingar.
Eit uheldig paradoks er at redusert forureining i verda bidreg til oppvarminga. Mindre partikkelutslepp frå industri og skipsfart gjer at mindre av solenergien vert reflektert ut i verdsrommet att. Denne energien blir dermed verande i atmosfæren og bidreg til å varma opp verda.
Rapporten syner òg at verdas karbonbudsjett, altså den mengda CO2 vi kan sleppa ut før den globale gjennomsnittstemperaturen stig meir enn to grader frå førindustrielt nivå, er i ferd med å verta brukt opp.
Det er diverre ikkje uventa. Truleg har dei fleste sett for lenge sidan at det ikkje er realistisk å nå klimamåla i Parisavtalen. Skal ein klara å halda oppvarminga under to grader, for ikkje å snakka om halvannan grad, trengst det verkeleg store utsleppskutt i åra som kjem. Lite tyder på at så skjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.