Raudts problem
«Eit oppgjer med ideologien til ungdomspartiet burde ha kome for lenge sidan, men Raudt bør òg sjå litt på sitt eige prinsipprogram.»
Foto: Lise Åserud / NTB
«Det har vært masse bråk i RU. Mye av det skjønner jeg ingenting av. Det er så ulike historiefortellinger. Nå har denne gjengen vunnet på landsmøtet. Det må vi forholde oss til, og jeg synes egentlig vi skal ønske dem velkommen», sa Mímir Kristjánsson, stortingsrepresentant for Raudt til VG etter «kuppet» i Raud Ungdom tidlegare i vår.
Etter det famøse innlegget til Raud Ungdom-leiaren sist veke der Støre, Stoltenberg og Tangen vart kalla terroristar, er han no rasande. Det skjønar vi godt. Eit oppgjer med ideologien til ungdomspartiet burde ha kome for lenge sidan.
Det er ikkje noko nytt at Raud Ungdom er revolusjonære: «Det er umulig å innføre reformer som opphever klassene. Stortinget har begrensninger som hindrer dette, og det ville møtt motstand fra kapitalistene. Derfor trengs det en revolusjon for å skape sosialisme», står det i prinsipprogrammet frå 2022.
Men Raudt bør òg sjå litt på sitt eige prinsipprogram. Mímir Kristjánsson seier til Klassekampen at Raudt ikkje er eit kommunistisk parti. Greitt, men les ein prinsipprogrammet, vert ein overraska over omgrepsbruken. Programmet har mange tilvisingar til demokrati og rettstryggleik. Det manglar ikkje på det. Som at «for Raudt er ein sosialisme utan demokrati slett ingen sosialisme».
Men det inneheld òg ei rekkje formuleringar som opnar for litt for mange tolkingar: «For at det arbeidande folket skal ha makt, trengst ei radikal endring av maktforholda – ein sosialistisk revolusjon.» Ja, revolusjonen skal vera «demokratisk forankra og skje fredeleg», men «ein reformistisk strategi vil aldri kunne føre til eit sosialistisk samfunn». Raudt meiner at «den progressive reforma kan vere eit springbrett for ein større revolusjonær offensiv», og baserer forståinga «av samfunnet på marxistisk teori». Det heile vert avslutta med ei skildring av eit samfunn utan undertrykking: «Det var dette Karl Marx kalla kommunisme.»
Med eit prinsipprogram som opnar for så ulike tolkingar, er det ikkje rart at ungdomspartiet tek det eit steg lenger og stør seg på teoriane til Lenin.
Svein Gjerdåker
På grunn av at torsdag var helgedag, gjekk avisa i trykken onsdag 8. mai kl. 10.00.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.