«Regimet påstår, som alltid, at dei vann.»
Venezuelas president Nicolás Maduro sytte denne gongen for å nekta utanlandske valobservatørar tilgang. (AP Photo/Ariana Cubillos, File)
Ariana Cubillos
Dei har vore val i Venezuela, og som vanleg hevdar opposisjonen at regimet har juksa. Igjen. Regimet påstår, som alltid, at dei vann.
For at ingen skal vita kven som juksar og lyg mest i Venezuela, sytte styresmaktene denne gongen for å nekta utanlandske valobservatørar tilgang. Om det finst andre grunnar til å hindra innsyn enn otten for å bli avslørt som valfuskar, så er dei ikkje openberre.
Ida Lødemel Tvedt nemner ikkje valet i Venezuela i artikkelen sin lenger bak i avisa, ho skriv om Naomi Klein, og jamfører med filosofen Hannah Arendt:
«Arendt skreiv at poenget med å gjennomsyre eit samfunn med løgn ikkje er å få folk til å tru på løgnene, men å sørge for at ikkje nokon trur på noko lenger. Eit folk som ikkje kan skilje mellom røynd og løgn, kan ikkje skilje mellom rett og gale, skriv ho, og eit slikt folk evnar ikkje å tenke eller dømme. Dei er, enten dei veit det eller ikkje, underkasta eit løgnregime. Med eit slikt folk, skriv Arendt, kan ein gjere kva om helst.»
Sjå, det var ei oppsummering av valet i Venezuela så god som noka. Stadfest av «the usual suspects» i Russland, Iran, Nord-Korea, Cuba, Kina og Nicaragua, som ilte til med å gratulera señor Maduro med resultatet. Mot betre vitende, vil me tru, for dette har dei greie på, udemokratane: alternative sanningar til føremål som høver dei og deira.
Kva Donald Trump nord i Amerika meiner om valet i Venezuela, er ikkje sagt, men Hannah Arendt talar nok også for han, ikkje minst for han, og om han – snart kanskje den mektigaste mannen i verda. Venezuela har dei største reservane i verda av mineral og fossil energi som oligarkar i alle land siklar etter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.