Skattlegging av sekundærbustader
Ikkje så reint sjeldan høyrer vi om fastbuande som gjerne vil kjøpe seg hus på bygda, men som taper bodrunden mot pengesterke kjøparar utanfrå som skal bruke bustaden som feriehus. Så lenge huset blir lagt ut for sal på den opne marknaden og kommunen ikkje har krav om buplikt, skjer nettopp det. Heldigvis finst det unntak der seljaren medvite vel den fastbuande barnefamilien og takkar nei til eit høgare bod.
Dei som gjekk inn på bustadmarknaden i hovudstaden eller andre store byar i byrjinga av 1990-åra, har tent godt på den enorme prisutviklinga. Om dei ynskjer å kjøpe ein bustad på gamle trakter når dei nærmar seg pensjonsalderen, har dei truleg ingen vanskar med å betale langt over prisframlegget.
Problemet finst ikkje berre på bygda. I dei største byane er det ikkje uvanleg at privatpersonar eig både eitt og to husvære som dei leiger ut. Slik finansierer dei eigne buutgifter, men ikkje berre det: Dei held andre som gjerne skulle ha eigd bustaden sin, utanfor marknaden.
Når hus i etablerte byggjefelt blir selde som feriebustader, går det ut over nabolaget. Eit levande lokalsamfunn er avhengig av fastbuande som betalar skatt og tek del i lokalpolitikken, som sender born i barnehage og på skule, som er med i idrettslag og skulekorps, og som stiller på dugnad og går i 17. mai-tog.
Slik som vilkåra er no, får den som eig meir enn éin bustad, skattefrådrag for rentene på lik line med den som akkurat klarer å finansiere eige husvære. Arveavgift betalar dei heller ikkje.
Eit verkemiddel kan vere at kommunen sjølv får innføre høgre eigedomsskatt på sekundærbustader enn på primærbustader. Ikkje for å skremme vekk dei som har feriebustad, men for å roe ned marknaden og gje fastbuande ein sjanse til å vinne bodrunden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.