Styrk politiet
Kripos-sjef Kristin Kvigne etter presentasjonen av trusselvurderinga til politiet.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Trusselvurderinga til politiet for 2024 vart offentleggjord denne veka. 38 sider, pedagogisk tilrettelagde med mellomoverskrifter, oppsummeringar og bilete.
Rapporten syner til fleire positive utviklingstrekk, som at talet på registrerte straffesaker er lågare enn i 2016, og at Noreg har få drap samanlikna med andre land. 38 i fjor. Men rapporten inneheld meir enn nok av tydelege åtvaringar:
«Hatefulle ytringer på sosiale medier utgjør en trussel mot demokratiet», «Cyberkriminalitet er under kontinuerlig utvikling», «Fiskerikriminalitet undergraver en bærekraftig fiskeriforvaltning», «Kunstig intelligens kan føre til at flere barn utsettes for seksuell utpressing», «Kriminelle nettverk vil i økende grad bruke Norge som transittland for narkotika».
Politiet er ikkje minst uroa for at auka aktivitet frå svenske kriminelle nettverk i Noreg vil føra til fleire valdshendingar og meir narkotikakriminalitet også her i landet.
Enno har vi ikkje døme på kynisk og målretta rekruttering av mindreårige som kan utføra valdshandlingar, slik vi har sett fleire døme på i Sverige. Men rapporten fortel om ein auke i kriminaliteten blant ungdom under 18 år. Born under 15 år står for ein tredel av ungdomskriminaliteten. Politiet er uroa for at vi kan få meir grov vald og ran utførte av born og ungdom.
Det må vi ta på alvor. Lite kriminalitet og fråvær av vald er ein grunnleggjande føresetnad for eit godt samfunn. Det krev sjølvsagt merksemd og tiltak på mange område. Ikkje minst må politiet og barnevernet ha ressursar nok til tett kontakt og oppfølging opp mot miljø som slit med ungdomsproblem.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Trusselvurderinga til politiet for 2024 vart offentleggjord denne veka. 38 sider, pedagogisk tilrettelagde med mellomoverskrifter, oppsummeringar og bilete.
Rapporten syner til fleire positive utviklingstrekk, som at talet på registrerte straffesaker er lågare enn i 2016, og at Noreg har få drap samanlikna med andre land. 38 i fjor. Men rapporten inneheld meir enn nok av tydelege åtvaringar:
«Hatefulle ytringer på sosiale medier utgjør en trussel mot demokratiet», «Cyberkriminalitet er under kontinuerlig utvikling», «Fiskerikriminalitet undergraver en bærekraftig fiskeriforvaltning», «Kunstig intelligens kan føre til at flere barn utsettes for seksuell utpressing», «Kriminelle nettverk vil i økende grad bruke Norge som transittland for narkotika».
Politiet er ikkje minst uroa for at auka aktivitet frå svenske kriminelle nettverk i Noreg vil føra til fleire valdshendingar og meir narkotikakriminalitet også her i landet.
Enno har vi ikkje døme på kynisk og målretta rekruttering av mindreårige som kan utføra valdshandlingar, slik vi har sett fleire døme på i Sverige. Men rapporten fortel om ein auke i kriminaliteten blant ungdom under 18 år. Born under 15 år står for ein tredel av ungdomskriminaliteten. Politiet er uroa for at vi kan få meir grov vald og ran utførte av born og ungdom.
Det må vi ta på alvor. Lite kriminalitet og fråvær av vald er ein grunnleggjande føresetnad for eit godt samfunn. Det krev sjølvsagt merksemd og tiltak på mange område. Ikkje minst må politiet og barnevernet ha ressursar nok til tett kontakt og oppfølging opp mot miljø som slit med ungdomsproblem.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.