Tanntroll i politikken

Publisert Sist oppdatert

En ny rapport fra Statistisk sentralbyrå slår fast at inntektsnivå framleis avgjer om folk oppsøkjer tannhelsehjelp eller ikkje.

Den som høyrde Dagsnytt 18-debatten om denne rapporten her om dagen, der representantar frå Raudt, Arbeidarpartiet og Høgre tok del, kunne lett få inntrykk av at det no er nær tverrpolitisk semje om å finansiere munnhelsa på same vis som me finansierer anna helse her i landet, via velferdsstat og skattesetel.

Det skulle berre mangla, men me veit betre. Meir enn hundre års røynsle seier oss at det òg ved dette valet nok kjem til å gå som det gjorde i 1914, då eit fleirtal i Stortinget røysta for offentleg stønad til konserverande tannbehandling, altså til fyllingar, og ikkje berre til trekking av tenner.

Denne tannhelsereforma blei diverre sett til sides – fyrste verdskrigen braut ut og gav folk og land anna å tenkja på enn tenner. Og slik har det faktisk gått kvar gong sidan, når slike framlegg har dukka opp.
I år er det pandemi. Men også stortingsval.

Alle lèt til å meina at det er eit unaturleg og urettvist skilje mellom tannhelsa og anna helse, men djevelen lurer i detaljane, og i partipolitikken, ikkje minst, som gjer det lønsamt å røysta mot framlegg som alle stort sett er samde i, men som rivaliserande parti har reist og kjem til å ta æra for.

Dessutan er dei fleste tannlegar private, og det kan ha til konsekvens at Norsk Tannlegeforening går inn for om lag det same som Høgre: å gjera dagens ordning betre. Dei skal ikkje ha nokon tannhelserevolusjon, slik Raudt og SV går inn for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement