Taxfree-salet bør avviklast

Publisert Sist oppdatert

Kjem du med fly frå utlandet, må du gå forbi hylle­meter etter hyllemeter med billeg sprit, vin, parfyme og sukkervarer – tobakken er litt meir bortgøymd. Alt flott sett opp for at du skal kjøpa kvoten full. Og varene er alltid tilgjengelege: «Taxfree – åpent hele døgnet» som Gardermoen skryter av. Det heile tilrettelagt av den norske staten.

Vi skriv denne veka om taxfree-ordninga. Eit merkeleg system som burde vore avskaffa for lenge sidan. Men nei, det går heller motsett veg. På Gardermoen har dei no opna eit nytt lokale på 4000 kvadratmeter, og eigarane satsar på ein vekst på 8 prosent frå ei alt eventyrleg stor omsetning.

Frå å vera eit relativt nøkternt tilbod til reisande er ordninga no stor business i tråd med kommersialiseringa elles i samfunnet. Taxfree-båtane til og frå Danmark og Tyskland er eit eige kapittel.

Vi meiner at ordninga bør avviklast. Som Finans­departementet skriv, utan å ta omsyn til det i det heile: «Tax free-ordningen bidrar til økt tilgjengelighet og økt forbruk av alkohol og tobakk, og dermed til samfunnsøkonomiske kostnader og negative virkninger på folke­helsen. Tax free-ordningen gir også et provenytap for staten.» Og like viktig: Taxfree-salet fører til meir fly–?og båttrafikk – og såleis til auka klimautslepp.

Avinor må dekkja utgiftene sine på andre måtar enn taxfree-sal. Og passasjerane må betala den reelle kostnaden for reisa – ikkje ein pris subsidiert av sal frå sprit, tobakk og sukker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement