Auken i bygg- og anleggskostnadene kjem til å verta ei stor utfordring framover. Tida er inne for harde prioriteringar og avviklingar av dei mest kostnadskrevjande og minst samfunnsnyttige kommunale og statlege planlagde byggjeprosjekta.
Og det er nok å ta av – ikkje minst innanfor samferdsle. Gode innspel kan ein få frå Naturvernforbundet, som i april laga ei liste med framlegg om vegprosjekt som bør endrast ut frå miljø- og klimaomsyn – og vern av viktig matjord.
I Oppland kan ein byrja med den planlagde nye firefeltsvegen til 12 milliardar mellom Moelv og Øyer oppover Gudbrandsdalen. Dagens vegstandard bør vera grei nok. Og det er trass alt grenser for kor store vegar ein skal byggja for å hindra kø for hyttefolk på veg til fjellet i helgene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.