Søndag melde NRK at ei ti år gammal, valdteken jente vart nekta abort i Ohio, fordi svangerskapet var seks veker og tre dagar gammalt. Legen viste henne vidare til nabostaten Indiana, der lovgjevarane førebels ikkje har forbode eller sett nye grenser for abort.
Fredag 24. juni oppheva høgsteretten i USA den mest 50 år gamle Roe mot Wade-dommen, som i praksis legaliserte abort i alle statar. Dommen frå 22. januar 1973 galdt ei ankesak frå Texas der den valdtekne kvinna Jane Roe gjekk til rettssak mot delstaten fordi ho vart nekta abort.
Sjølv om fleire av dei 50 delstatane i USA no skjerpar abortlovene, kjem mange kvinner framleis til å vilje eller måtte ta abort. Faren er då stor for at marknaden for illegale abortar, som set livet til kvinna i fare, vert større.
Å ta abort er ikkje enkelt. Likevel kan det vere fleire grunnar til å ta det valet. Til sjuande og sist må det vere kvinna sjølv som vurderer om ho er i stand til å ta vare på og oppdra eit barn.
I Sverige har leiaren for Kristdemokraterna Ebba Busch oppmoda dei andre partileiarane i Riksdagen om å signere ein kontrakt som forsvarar den svenske abortlovgjevinga. I førre veke vedtok eit fleirtal i den franske nasjonalforsamlinga å støtte eit framlegg om å gjere sjølvvald abort til ein grunnlovsrett. I ei folkerøysting 4. september i år skal folket i Chile ta stilling til ei grunnlovsreform med den same retten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.