Tine sviktar samfunnsansvaret

Publisert

I 2016 la Tine ned meieriet i Øystese i Hardanger. Denne veka heldt dei fram og la ned meieriet på Voss. Slik har Tine drive på over heile landet i lang tid.

«Sammen skaper vi et levende Norge», står det så fint på nettsidene til Tine. «Det handler om noe som er større enn oss selv.» Det er i dag to påstandar med lite truverd.

Meir enn å skapa eit levande Noreg handlar det no om ei overdriven tru på at store anlegg på nokre få stader i landet vil gje best inntening. Resultatet er sentralisering og endå fleire vogntog med mjølk som må transporterast over lange avstandar. Frå Voss til Tine-anlegget på Jæren tek det fem og ein halv time.

Det er merkeleg at styret i Tine ikkje ser at dei heller burde spela på lag med bøndene, med distrikta og dei som bur der. For dei gamle samvirkeorganisasjonane, både Tine og Nortura, er avhengige av ein samfunns­kontrakt mellom jordbruksnæringa og folket.

Folket støttar opp om den norske jordbrukspolitikken med importvern og subsidiar. Som motyting produserer bøndene god og miljøvenleg mat basert på god dyrevelferd – og saman med heile landbruksnæringa tek dei samfunnsansvar og bidreg til arbeidsplassar og levande bygder over heile landet.

Ei viktig grunngjeving for den norske jordbrukspolitikken er nettopp distriktspolitikken. Men Tine, paradoksalt nok eigd av bøndene og med bønder i styret, medverkar no til det motsette. Dei medverkar til sentralisering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement