Turisme og levande lokalsamfunn
Demonstrasjonar i Barcelona mot masseturisme. Førebels har me ikkje sett slike protestar i denne storleiken her i landet.
Foto: Bruna Casas / Reuters / NTB
Førre helg demonstrerte representantar frå fleire enn 150 fagforeiningar mot masseturismen og turistindustrien i Barcelona. Blant parolane dei gjekk bak, var «Nok no. Lat oss setje grenser for turismen» og «Barcelona er ikkje til sals». Det blir hevda at mange ikkje har råd til å bu i byen lenger, og at utlendingar kjøper opp husvære for å drive med korttidsutleige til turistar.
Førebels har vi ikkje sett protestar i denne storleiken her i landet, men vi har òg lokalsamfunn der vanlege leigetakarar vert valde vekk til fordel for turistar og korttidsutleige. Til tider ser vi òg overturisme i visse område, noko som går ut over opplevinga til turisten sjølv, naturen og lokalbefolkninga.
Nærings- og fiskeridepartementet har sett i gang eit lovarbeid som opnar for å gjennomføre eit pilotprosjekt med lokale besøksbidrag i Geiranger, Lofoten, Beitostølen, Nordkapp, Tromsø og Trysil. Eit alternativ kan vere å la kommunane få krevje inn ein «turistskatt», eit påslag på overnatting i kombinasjon med ei parkerings- og cruisepassasjeravgift. Alternativt ei dagsbesøksavgift etter modell frå Venezia, som prøver ut ein «inngangsbillett» til byen no i vår.
Eit besøksbidrag kan til dømes finansiere søppelrydding, vedlikehald av turstiar og reingjering av offentlege toalett, men det er neppe nok for å regulere overturismen. Departementet peikar òg på at ei slik avgift utfordrar lovverket som vi har i dag, med allemannsretten, personvernet og EØS-retten om fri rørsle. Regjeringa har som mål å sende lovframlegget på høyring til hausten.
Reiselivsnæringa sysselset fleire enn 180.000 personar og er ei viktig næring både i bygd og by i store delar av landet vårt. Difor er det så viktig å ta tak i dei ulempene som reiselivet fører med seg, før det går for langt. Vi som turistar kan byrje med oss sjølve og tenkje på berekraft når vi vel destinasjon, reisetidspunkt og kvar vi skal overnatte. Turismen må vere til å leve med også for fastbuande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.